Eit av spørsmåla vi skal sjå på i Rensvel-prosjektet, er om vi kan måle samanheng mel-lom velferd og ernæringsstatus ved å bruke nokon av dei operative velferdsindikatorane (OVI) vi har definert i prosjektet. Som forberedelse til feltforsøk, har vi samla inn prøver av rognkjeks og berggylt, både oppdretta og vill, og analysert for energi og hovednæ-ringsstoff. Vi har veid og målt fisken og beregna K-faktor på samme måte som for lakse-fisk, for å undersøke om dette er ein OVI som kan seie noko om ernæringsstatus.