Fresvik - ei bygd ved Sognefjorden
Fresvik er ei vakker, lita bygd i Vik kommune, og ligg på sørsida av Sognefjorden.
I bygda vår bur det omlag 270 menneske. Det er eit fleirtal av eldre i Fresvik, og fødselstala dei siste åra har diverre vore låge. Dersom denne utviklinga held fram, går folketalet i bygda nedover. Heldigvis har bygda opplevd tilflytting, særleg av menneske med andre nasjonalitetar. Her er folk frå England, USA, Thailand, Tyskland, Nederlend og Brasil. Om sommaren kjem det arbeidsvillige polakkar som hjelper bøndene på gardane. Dette bidreg til optimisme og framtidstru. I denne samanheng vart det arrangert ein framtidsverkstad, kor ein opplevde stort oppmøte. Ein ser ein gryande tilflyttingsauke, og truleg vil dette få ein dominoeffekt, og fråflyttingstrenden kan snuast.
Fresvik er ei jordbruksbygd. Dei fleste gardane har husdyrhald, ofte i kombinasjon med frukt- og bærdyrking, medan nokre få gardar no satsar fult på bær- og fruktdyrking. I 1976 fekk bygda veg til Vangsnes, og i 1980 vart Fresvik Produkt etablert. Dette er no den største arbeidsplassen i bygda, med rundt 50 tilsette. Fresvik Bygdeheim er òg ein viktig arbeidsplass. I Fresvik har me både barnehage og skule.
Om sommaren livnar bygda til. I tillegg til mange arbeidande polakkar, kjem det både norske og utanlandske turistar til bygda. Det er særleg den vakre naturen som lokkar. Høge fjell omkransar bygda på tre kantar, eit fantastisk turterreng både sommar og vinter.
Dei siste to somrane har ein ungdomsgjeng frå andre sida av fjorden, laga til ein rockefestival på garden Skau den siste helga i juli. På ”Fres-fesivalen” har mange lokale band stått for musikken, noko som har freista mange til å ta turen til Fresvik. Denne helga er det eit yrande liv i Fresvik!
Midt i bygda ligg eit flott idrettsanlegg – Modig stadion. Om sommaren kan ein spele fotball, om vinteren kan ein gå på skøyter. Eit av dei største arrangementa som me har her i Fresvik, er Mensen Ernst Minneløp, som trekkjer folk kvar sommar.
Av fritidssyslar kan me freiste med ein 4H-klubb, musikkskule, eit skulekorps, dametrim og ballspel i gymsalen. Ungdommane har og sin eigen ungdomsklubb, som elevane på ungdomsskulen styrer for. Me har og ein sommarkafè, som ligg like ved kaien i Fresvik, her er det flott å sitje ein sommarkveld!